Gå til innhold
20
mai
Kalender

Velkommen til medlemsmøte og temakveld

Møre og Romsdal Sted: Scandic Hotell Parken, Storgata 16, Ålesund
Tid: 18:00

Kjære medlem!

Vi vil med dette invitere deg til medlemsmøte i LNT Møre og Romsdal Fylkeslag. Møtet byrjar klokka 18 og er berekna å vare i om lag 3 timar. Gratis entré.

Til dette møtet får vi besøk av folkehelserådgivar Chantal Jørgensen. Ho jobbar i administrasjonen hos LNT i Oslo. Ho vil snakke rundt temaet "LNT i utvikling - hva betyr strategien for fylkeslaget?"

Vidare blir det sosialt samvere/god prat, bevertning med frukt, snittar, kake og tilhøyrande drikke, samt vårt ordinære lynlotteri. Likepersonar vil vere til stades dersom nokon ynskjer ein personleg samtale i løpet av møtet.

Vi håpar å sjå mange av dykk denne kvelden! Vi oppfordrar spesielt nye medlemmer til å kome.

Ta gjerne med familiemedlemmer, og/eller venner.

Påmelding ER nødvendig, og det innan ONSDAG 13. MAI. Påmeldingsinformasjon:

Epost: lnt.mogr@gmail.com

Telefon: 90 47 28 71